www.leirdue.net
START     STEVNER     TRENING     RESULTATER     RANKING     PROGRAMVARE      PRISER      KONTAKT      LOGG INN
Meny:
Informasjon
Deltakere
Resultater
Påmelding
 
Kontakt
 
Tilbake til Os J.F.L
 
XXLs Førjulskarusell Stemne 1 - Os J.F.L
6. oktober 2019
Os Jakt og Fiskelag, Bergens Jæger & Fiskerforening og Åsane Jeger og Fiskerforening, i
samarbeid med XXL Horisont, ynskjer å invitera til ein tre-stemners leirduestikarusell i den lange
haustpausen.

2019 har vist god auke i interesse for sportingskyting, og klubbane, med XXL på
laget, ynskjer å halde aktiviteten oppe gjennom hausten.

Karusellen består av eit 50-duers stemne per månad etter fyljande stemneplan:

Sundag 06. oktober kl 11.00 i Ulvehiet, Arr: Os JFL
Sundag 10. november kl 11.00 på Kismul, Arr: Bergens JFF
Sundag 08. desember kl 11.00 i Jonahola, Arr: Åsane JFF

Premieutdeling vert etter stemnet i Jonahola.

Stemna er opne for alle, uavhengig av klubb og krets.
Det vert sett opp fem klasser, Senior, Kvinner, Veteran, Jeger og Junior, det vert samanlagt
skuddpremiering til 1., 2. og 3. plass i kvar klasse.

Det er mogleg til å stille opp i enkeltstemner,
sjølv om ein ikkje kan stille på alle tre.

Arrangementet er meint som ei sosial turnering, med god
konkurransetrening før ny sesong er i gong.

Jegerklassen er for dei som ikkje har skutt
leirduestemner før.

XXL bidreg med premier/gåvekort til uttrekking av tilfeldig deltakar(ar) som har delteke på alle
stemna.
Påmelding 200,- pr stemne frå kl. 10-11, eller leirdue.net.

DUEVISNING: kl 11.15




Stevnepriser:
D1, D2:100 kr
E1, E2, F, Jeger, Åpen:200 kr

Type leirduer: Ikke registrert

Påmelding til XXLs Førjulskarusell Stemne 1
Klikk her for å åpne påmeldingsskjemaet.
Copyright © 2024 WWW.LEIRDUE.NET ved Sindre Asser Netland Nilssen ENK (Org.nr: 992 354 917)
(web3)